Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Malaki

Malaki

1. kapitlet

1 Ei framsegn. Herrens ord til Israel ved Malaki.

2 Eg hev elska dykk, segjer Herren. Og de spør: «Korleis hev du elska oss?» Er ikkje Esau bror åt Jakob? segjer Herren. Og eg elska Jakob,

3 men Esau hata eg, og eg hev gjort hans fjell til ei øydemark og odelen hans til ein heidebustad.

4 Når Edom segjer: «Me ligg i røys, men me skal byggja røyserne upp att,» då svarar Herren, allhers drott: Dei byggjer, men eg riv ned; dei skal heita Gudløyselandet og folket som Herren er æveleg harm på.

5 De skal sjå det med eigne augo, og de skal segja: «Herrens velde når ut yver Israels grensa.»

6 Ein son ærar far sin og ein tenar herren sin. Er no eg far, kvar er då mi æra, og er eg herre, kvar er då otten for meg? segjer Herren, allhers drott, til dykk, de prestar som vanvyrder namnet mitt. Og de spør: «Korleis hev me vanvyrdt namnet ditt?»

7 Jau, de ber fram sulka mat på altaret mitt. Og de spør: «Kva hev me sulka deg med?» Jau, de segjer: «Herrens bord er ikkje vyrdande.

8 Um de kjem med eit blindt dyr til offer, so er ikkje det noko gale, og kjem de med eit halt og eit sjukt, so er det ikkje noko gale.» Kom med sovorne gåvor til jarlen din! Skal tru han vert blid på deg eller tek vel imot deg? segjer Herren, allhers drott.

9 So blidka no Gud, at han må vera oss nådig! Med eigne hender hev de gjort slikt, kann han då taka vel mot dykk? segjer Herren, allhers drott.

10 Å, um det fanst nokon millom dykk som vilde stengja dørerne, so de slapp å gjera upp eld til fåfengs på altaret mitt! Eg hev ingen hugnad i dykk, segjer Herren, allhers drott, og offergåva frå dykkar hand likar eg ikkje.

11 For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.

12 Men de vanhelgar det med di de segjer: «Herrens bord er sulka, og maten som fell av frå det, er ikkje vyrdande.»

13 «Å, for ei møda!» segjer de, og de blæs åt det, segjer Herren, allhers drott; og når de ber fram offergåvor, kjem de med det som de hev rana, det som er halt og sjukt. Skulde eg hava hugnad i slike gåvor frå dykkar hand? segjer Herren.

14 Nei, forbanna vere den som fer med svik, som eig handyr i buskapen og hev gjort ein lovnad, men so ofrar til Herren eit gjelddyr. Ein stor konge er eg, segjer Herren, allhers Gud, og namnet mitt er skræmeleg millom folki.

2. kapitlet

1 Og no kjem dette bodet til dykk prestar:

2 Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk på hjarta å gjeva mitt namn æra, segjer Herren, allhers drott, so sender eg forbanningi yver dykk, og eg forbannar velsigningarne dykkar; ja, eg hev alt forbanna deim, av di de ikkje legg det på hjarta.

3 Sjå, eg bannar avkjømet dykkar og kastar møk i andlitet på dykk, møk av dykkar høgtidsoffer, og dei skal bera dykk burti møki.

4 Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers drott.

5 Mi pakt med honom var liv og fred. Eg gav honom deim til otte, og han ottast meg og skalv for mitt namn.

6 Sannings læra var i hans munn, og det fanst ikkje svik på lipporne hans; fredsamt og ærleg gjekk han på min veg, og han vende mange burt ifrå misgjerd.

7 For prestelippor skal gøyma på kunnskap, upplæring ventar me av munnen hans, for han er sendebod frå Herren, allhers drott.

8 Men de hev vike av frå vegen, læra dykkar hev ført mange til fall; de hev skjemt ut Levi-pakti, segjer Herren, allhers drott.

9 Difor hev eg og gjort dykk vanvyrde og nedsedde for alt folket, av di de ikkje agtar på mine vegar, men gjer skil på folk i lovlæra.

10 Hev ikkje me ein far alle saman? Hev ikkje ein Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti?

11 Svik hev Juda fare med, og styggedom hev gjenge for seg i Israel og i Jerusalem; for Juda hev vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og hev gift seg med dotter til ein framand gud.

12 Hjå den mannen som gjer slikt - måtte Herren rydja ut kvar livande sjæl or Jakobs hyttor, og den som ber fram offergåva til Herren, allhers drott!

13 Og endå ein ting til gjer de: Yver Herrens altar legg de tåror og gråt og sukkar, so han vil venda seg til offergåva meir eller med hugnad tek imot noko av dykkar hand.

14 De spør: «Korleis då?» Jau, Herren hev vore vitne millom deg og ditt ungdomsviv, henne som du hev svike, endå ho var festarmøyi di og egtemaken din.

15 Hev ikkje den eine og same skapt henne, med di han hadde endå meir ånd att? Og kva stila han på, den eine? Guddomleg ætt. Tak då vare på dykkar liv og svik ikkje ditt ungdomsviv!

16 Eg hatar skilsmål, segjer Herren, Israels Gud; med det sveiper ein vald um klædi sine, segjer Herren, allhers drott. So tak då vare på dykkar liv og far ikkje med svik.

17 De trøyttar Herren med dykkar ord. De spør: «Korleis trøytta me?» Jau, de segjer: «Kvar den som gjer vondt, er god i Herrens augo, og han hev hugnad i deim. Kvar er elles Gud som held dom?»

3. kapitlet

1 Sjå, eg sender mitt bod, og han skal brøyta veg for meg. Og brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter, og paktengelen som de stundar på, sjå, han kjem, segjer Herren, allhers drott.

2 Men kven kann herda den dagen han kjem? Og kven kann standa når han syner seg? For han er som smeltar-eld og tvættar-lut.

3 Han sit og smeltar og reinsar sylvet, han reinsar Levi-sønerne og skirar deim som gull og sylv, so dei kann bera fram for Herren offergåvor i rettferd.

4 Då vert offergåvorne i Juda og Jerusalem til hugnad for Herren som i gamle dagar og i framfarne år.

5 Eg kjem til dykk og held dom og vert eit snøgt vitne mot deim som fer med trolldom, som bryt egteskapet, som gjer rang eid, som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den faderlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren, allhers drott.

6 For eg, Herren, er ikkje umskift, og de, Jakobs-born, er ikkje til ende komne.

7 Alt ifrå fedre-dagarne hev de vike av frå loverne mine og ikkje halde deim. Vend um til meg, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott. De spør: «Kva skal me venda um ifrå?»

8 Skal eit menneskje rana frå Gud, sidan de hev rana frå meg? Og de spør: «Kva hev me rana frå deg?» Jau, tiendi og reidorne.

9 Forbanningi hev råka dykk, og frå meg ranar de, ja, heile folket.

10 Kom med heile tiendi til forrådshuset mitt, so det kann finnast mat i huset mitt, og prøv meg so på den måten, segjer Herren, allhers drott, um eg ikkje let upp himmellukorne åt dykk og renner yver dykk velsigning i rikt mål.

11 Eg skal truga etaren for dykk, so han ikkje tyner grøda på jordi for dykk, og ikkje heller skal de hava vanheppa med vintreet på marki, segjer Herren, allhers drott.

12 Alle folki skal prisa dykk sæle, for det vert eit herlegt land, segjer Herren, allhers drott.

13 De hev bruka sterke ord imot meg, segjer Herren. Og de spør: «Kva hev me tala med kvarandre imot deg?»

14 Jau, de segjer: «Det er fåfengt å tena Gud. Kva bate hev me av at me agtar på hans krav og gjeng syrgjeklædde for Herren, allhers drott?

15 Nei, no prisar me dei ovmodige sæle; dei hev medgang når dei liver i gudløysa, dei freistar Gud og slepp vel ifrå det.»

16 Då tala dei med kvarandre, dei som ottast Herren, og Herren lydde og høyrde på, og det vart skrive ei minnebok for hans åsyn um deim som ottast Herren og tenkjer på hans namn.

17 Og dei skal vera min eigedom, segjer Herren, allhers drott, på den dagen som eg skaper, og eg skal spara deim liksom ein mann sparer son sin som tener honom.

18 Då skal de atter sjå skil på den rettferdige og den gudlause, den som tener Gud og den som ikkje tener honom.

4. kapitlet

1 For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna deim upp, segjer Herren, allhers drott, so det ikkje vert att av deim anten rot eller grein.

2 Men for dykk som ottast mitt namn, skal rettferds-soli renna upp med lækjedom i vengjerne sine; og de skal ganga ut og hoppa som kalvar når dei slepp or fjøset.

3 Og de skal trakka ned dei gudlause, for dei skal verta som oska under føterne dykkar på den dagen som eg skaper, segjer Herren, allhers drott.

4 Kom i hug lovi åt Moses, tenaren min, som eg gav honom på Horeb for heile Israel med bod og rettar!

5 Sjå, eg sender dykk profeten Elia fyrr Herrens store og skræmelege dag kjem.

6 Han skal venda fedrehjarto til borni og barnehjarto til federne, so eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024